tirsdag 7. mai 2013

Garn-snobb?

Då var eg ikkje lenger ukjent med Mariusmønster! Mitt første, og sikkert ikkje siste, Mariusmønster er strikka på denne tunikaen.


Eg har brukt Sandnes sitt mønster i boka Norsk Småstrikk, og den er strikka i originalgarnet Sisu. Siden mottakaren er i voksealder deluxe, så strikka eg nokre cm ekstra for at den skal kunna vara ein sesong til. På den måten blir den meir ein kjole i starten, som gradvis kan krypa oppover på lengden etterkvart som jenta veks. Det er litt greit når ein først investerar i eit håndstrikka plagg, at det kan brukast meir enn tre gonger før det er for lite.

Bilde frå bokkilden.no
Eg håpar at "strikkepolitiet" - ikkje arresterer meg på mønsterstrikkinga, men det burde ikkje vera så mykje å gi bot for her. Teknikken frå Sølvi/Monica har vist seg å vera særs effektiv og god!
* ( strikkepolitiet = mykje meir erfarne strikkerar som har høge krav til kvalitet på strikkearbeid! Har eit par av dei blandt kjenningar)


Eg bala litt med halsen og avfellinga her. Strikkar jo ganske stramt, og avfellinga blir då deretter. Når eg hadde felt av som oppskrifta sa, med annankvar rett og vrang, var halsen likavel så trang at det knapt kunne komma ei kokosnøtt gjennom. Ikkje anna å gjera enn å rekka opp, ein sak som var lettare sagt enn gjort på dette garnet. %&#08&%" - grumppfh, eg bala godt, og hadde vel eit blodtrykk over det som er helsemssig forsvarleg. Trådane var på ein måte filtra inn i kvarandre, så eg måtte slita av sånne små fibrar omtrent på kvar tredje maske. Resultatet vart at det blei rekt opp sikkert 6-7 omgangar, og dei strikka eg aldri opp på ny. Felte bare rett av, på pinne 3,5 i staden for 2,5, og så la eg opp ei ekstra maske her og der for å vera på den sikre sida. Denne gongen skulle halsen bli brukande. Sidan eg faktisk nesten får den over knollen nå, konkluderar eg med at det funka!

                                         **************************************

Men, så over til sjølve garnet. For eg begynnar å lura på om eg har fått et snev av garnsnobberi over meg? Hadde ikkje noko særleg erfaring med Sisu frå før, men eg trudde at dette var ein av Sandnesgarn sine stoltheter. Et av "flaggskipa" i garnflåten.


Skuffelsen var då ganske stor når eg åpna pakken eg hadde bestilt med Sandnesgarn. For som vanleg så hadde eg jo ikkje vore forsiktig i innkjøpa mine, det kom ganske mangen nøster med Sisu i den forsendelsen.
 For det første så er fargane så mykje kjipare enn f. eks Garnstudio og Dale sine. Dei lilla og rosa tonane såg på ein måte litt skitne ut i fargen. (Eg nevnte det jo, garnsnobberi...)

Eg hadde funne nåken kjempefine grøne fargar også som hadde hamna med i den virtuelle handlekorga, og i fantasien min hadde eg alt strikka eit nydeleg rillestrikka babyteppe av dei ulike grønsjatteringane.  Men den grønnfargen eg bestilte likna ikkje på den grønnfargen som kom. Eg venta på fin flaskegrønn, men i staden kom ein haug med julegrønne nøster. Kva skal eg med dei då?


Skuffelse nummer to, som kanskje er den mest graverande, kom når eg begynte å strikka med garnet. Det kjennes hardt og stikkete ut, og det hang på ein del bittesmå lause lodottar som eg måtte sitta å plukka av. *nå også ferdig nuppet*
Det var ikkje på langt nær så glatt og mjukt å strikka med som ein del andre garn eg har prøvd, og med tanke på at det ikkje er et "billiggarn" så hadde eg faktisk forventa meir.

Så, nå sitte eg her då, med ca 45 nøster Sisu, mange i ein grufull grønnfarge, og tenke at eg bare må få strikka dei opp fortare enn fort, så dei er ute av huset. Grønne tips mottas med takk!


4 kommentarer:

  1. Disse fargene blir fine hvis du hekler bestemorruter og lager pledd eller puter :-)

    Tunikaen var kjempefin da!

    Ha en finfin kveld

    SvarSlett
  2. Nydelig tunika du har strikket. Tenkte nok du ville like å strikke det mønsteret ;)
    Når det gjelder Sisu -jeg synes ikke det er så altfor godt å strikke med heller, men resultatet av ferdig strikket plagg blir bra! Veldig fint garn til sokker ;)

    SvarSlett
  3. Enig med deg i fargene i Sisu, men er alikevel en favoritt i barnehagetøy. Plaggene er nesten udødelige selv etter nesten daglig omgang i vaskemaskinen sammen med resten av dagens "arbeidstøy". Brukte det til min minste og de overlevde to barnehagebarn til etter min sønn. Ble gitt videre til noen andre etter det så hvor mange barn som brukte genserene og buksene før de ble utslitt vet jeg ikke.
    Har valgt å bruke Sisu i genserene og buksene som jeg strikket til mitt barnebarn ved barnehagestart i fjor og min datter er strålende fornøyd. Behøver ikke ta hansyn ved vask. Rett i maskinen sammen med annet 40 graders vask og full sentrifuge. Tørt over natten og klart til neste dag i full lek i sandkassa etter "gjørmebadet".
    Liv

    SvarSlett
  4. Hvit og de to grønnfargene harmonerer jo godt da, så et stjernespekksjal fra Pickles i gave til en som liker og kler grønt, kan jo være en ide? :)

    Hilsen ei som går med sitt Sisustjernespekksjal maaaaaasse :)

    SvarSlett