mandag 25. februar 2013

Tenke du blei sjokkert!

Det kom nok som lyn frå klar himmel, totalt uventa og fullstendig overraskande? Eg har handla garn, igjen...
Fredag tok eg med meg min medsamansvorne garnhandlar og strikkar - Monica - til ein knøttliten,  godt gøymd, garnbutikk på Sunde.

På nokre få kvadratmeter i kjellaren sin har Sigunn Antonsen eit lite garnutsalg. Denne butikken har hverken bankterminal, faste opningstider, strikkepinnar og anna utstyr, eller det komplette vareutvalget til Sandnes Garn. Til gjengjeld får du som kunde full oppmerksomhet og god hjelp, sinnsjukt gode prisar, og ikkje minst, mange av dei litt eldre mønsterhefta til Sandnes.
I tillegg har dama ein utruleg garn- og strikkeglede som lett smittar av. Ein føler seg ikkje fullt så gal som står der med herlege nøster frå golv til tak, og rett og slett får ein gjennomtrengande lykkefølelse av det!


Men til tross for mange fristelsar, så syntes eg egentlig at eg begrensa meg ganske bra. Det blei bare med heim 13 nøster Mandarin i dei mest delikate fargane eg kan tenka meg for øyeblikket... og 20 kroner nøstet, ingenting å sei på det!



Tenke litt på at dette burde bli ein stripete, ribbestrikka topp.. For at alle fargane skal komma til sin rett..



Og så måtte eg ha med eit mønsterhefte heim, eine og aleine på grunn av ei oppskrift.. Denne genseren er noko av det mest elegante eg har sett på lenge.. Om eg klarer somla meg til å strikka den mens den framleis er i skuddet er ein heilt annan sak...








5 kommentarer:

  1. Å du veit det, det skal meir til for å sjokkere ein sindig vestlending, men nesten litt missunelig vart eg. Nydelig garn du har kjøpt, forstår godt du ser på noko med striper.

    Den genseren er berre nydelig, du får starte fort. Grei modell med lite montering og det er alltid kjekt.

    SvarSlett
  2. For en nydelig genser!!Hvilket hefte står denne i?
    Ha en fin dag :)

    SvarSlett
  3. Det er bare helt herlig å besøke utsalget til Sigunn!!
    Nydelige farger på Mandaringarnet ditt :)
    Genseren var lekker, og jeg gleder meg til å se deg i en slik :D

    SvarSlett