Eg har fleire venner som bloggar, og desse er det jo sjølvsagt at eg følgjer. Men så har eg funne nokon klare favorittar frå "ukjende" bloggerar.
Ein god blogg for meg har eit ryddig oppsett, fine bilder, mykje inspirasjon, lett og godt språk og ein heile haug med gode tips og linkar.
Her er mi topp 3 liste som eg anbefalar ALLE å sjekka ut!
1. plass: strikke hikke - ein festlig blogg med veldig mykje strikk etter min smak. Mange gode tips og lett "penneføring". Enkelte klare å skriva på ein måte som gjer at du faktisk føle du kjenne dei etter ei stund, og denne bloggen er sånn.
2. plass: Sidsels kreative hjørne - ein blogg som vise at det faktisk er mulig å rekka alt. God inspirasjonskilde som gladeleg deler oppskrifter, og mange fine bilder. Denne bloggen har faktisk meir enn ein gong lokka meg ut på glattisen når det gjeld garnkjøp. Nå sist med dette herlige "safari"-garnet! Innlegget som førte til handel kan du lesa HER!
3.plass: G-Anettes Kreativiteter - så fantastisk lekre plagg som kjem frå denne dama her. Nydelige bilder, og godt forklart & fortalt. Kjem ofta med "ny" inspirasjon, ting som ikkje har vore "diller" rundtom i det ganske land, og linkar til oppskrifter er med!
Etter å ha sjekka ut desse tre her blir du nok, som meg, sittande halve kvelden å mysa på bloggar. Lista over ting ein har tenkt (og lyst) å strikka, blir bare lenger, og lenger og lenger...
Eit "garnlys" høyrer heime i ein kvar strikkeheim. Julegåve som no brenn på siste verset! |
Og i kveld har eg verkeleg kosa meg med fyr i ovnen, te i koppen og lys på bordet. Teen er forresten ganske nyoppdaga, sjølv om den har stått i hylla på matbutikken i bygda i lengre tid. Merkinga med "økologisk" har ein veldig avvisande effekt på meg, så eg har faktisk ikkje gidda sett to gonger på pakken ka type te det har vore oppi ein gong. Men, nå har eg altså både lest på pakken, kjøpt den med heim, og funne ut at eg digge den teen! Jacobs Earl Grey smakte fantastisk godt, og hadde ein fyldig anis-smak som ikkje har det kunstige preget pose-te ofte har. Mynte-teen har fått konkurranse!!
Siden tysdag nå akkurat har blitt til onsdag, bør eg vel også vurdera å rekka ein omgang og to på strikketøyet mitt. Nytt prosjekt er litt hemmelig, men eg kan sei såpass at eg ALDRI hadde trudd at dette skulle på pinnane mine...
Takk for din insprasjon og!!! Eg er allerede blitt påvirka til å testa den tepakken, og mykje av det andra du har lagt fram av garnkjøp. Blant desse du linke til, falt eg for den tredje på lista di. Men, så godt at me er forskjellige og at det er så monge flinke damer som gjer oss denna inspirasjonen!
SvarSlettTakk for lenker til nye inspirerende blogger! :) Alltid kjekt å oppdage nye kreative sjeler. Jeg bruker alt for mye tid her inne i bloggverden! :D
SvarSlett