onsdag 2. mai 2012

Fabeldressen ferdig!!

Endelig kunne eg ta i bruk den grårosa dressen til Madel. Her har det tatt laaang tid gitt. Begynte med friskt mot i Fabel, brukte masketall frå eit Viking hefte, og miksa med ei oppskrift frå Sandnes som hadde raglanfelling sidan eg ikkje kan, eller vil, montera. Det gjekk egentleg kjapt å strikka sjølve dressen, men siste rest med oppklipping, knappar, festing av trådar, halskant.. blæææh.. Det er så kjedelig, og tar sånn tid.




Fekk snille Linda til å klippa og sy for meg, tok dressen heim og begynte plukka opp masker til knappestolpe. Men nei, det vart ikkje fint, så eg kjøpte glidelås. Stakkar Linda måtte trø til igjen. Og så var jo beina for lange, dei måtte av og ny vrangbord strikkast. Puh, mykje styr for så lite. I tillegg har eg juksa littegranne... Snille Grete, naboen til mamma og pappa hjalp meg med å sy halskanten over glidelåsen. Summa sumarum, eg kom i alle fall i mål og jenta har brukt dressen i helga!




Eg strikka jo etter mål 18-24 mnd.. lure på kor stort eg må strikka for at dressen faktisk skal kunna passa til hausten?




Og så må eg visa denne artige snurrepiperien som eg fekk av tanta mi. Den er alt teke i bruk i dag, til terrassestrikking. God patent for å sleppa rusk og rask i garnet når ein strikkar ute. Du heng garnnøsta innpå og feste kroken, og så feste du heile sulamitten på beltet, lommekanten, bukselinningen e.l.







Og så kom det nåken kjempefine, varme og lekre sokkar dumpande ned i postkassen her om dagen. Kjekt med venner som strikkar, for sokkar til meg sjøl har eg faktisk aldri strikka... Tusen takk Zirkona!

1 kommentar:

  1. flinke du er som strikker i vej! og for en tålmodighet du har da og strikke dress! den snurrepiperien var jo kjempemorsom:-)
    fra tone lill

    SvarSlett